- ein musikalsk refleksjon over akvareller av Elin Alver

Tidleg i 2006 vart eg kontakta av ein engasjert Rune Alver. Han hadde sett svigerinna Elin Alver sine nyaste bilete, akvareller av ein heilt særskild type. Eg vart invitert heim til Elin for å sjå på bileta saman med Rune. Motivasjonen til Rune var å finne ut om eg meinte uttrykket i bileta kunne inspirere meg til å skrive klavermusikk.

Rune Alver har i mange år arbeidd med å sameine bilete og musikk. I talrike konsertproduksjonar dei siste tjue åra har han framført store verk frå klaverlitteraturen og funne kunst som har blitt vist på lysbilete parallellt med framføringa og på den måten skapt ei interessant og til tider sterk virkning i møte mellom dei to kunstformane.

Denne gongen skulle musikken ikkje vera kjend og bileta skulle vera ukjend for alle andre enn dei få (meg medrekna) som hadde fått sjå dei. Akvarellene til Elin var ikkje som andre akvareller eg hadde sett. Bileta var prega av hurtig arbeide og mykje vatn og farge, som om ho ikkje hadde vore varsam med vatn og farger.

Men kvart bilete virker likevel planlagt! Forunderlege landskap tre frem, figurar og formasjonar som gjev assosiasjoner til stader der vi har vore, eller minner om landskap, eller noko vi kanskje har sett ein gong. Bileta er opne og abstrakte, noko som gjer dei eigna til å fabulere rundt.

Eg vart umiddelbart gripe og tenkte at dette kunne det verta musikk av. Vi bestemte oss for å jobbe vidare med idéen til Rune. Eg så bileta ein gong til våren 2006 og merka korleis tonane kunne ta form både som transparente klanger og tette akkorder, som ein parallell til bilete med horisont og til dei tjukke fargeflekkene.

Eg vart invitert til å respondere musikalsk på bileta - verta inspirert, og så komponere musikk. Når ein vert invitert til å la seg inspirere, er ikkje utfallet gitt. Heldigvis er bileta til Elin særs inspirerande! Klaverstykket «Akvarell» er min reaksjon på og refleksjon over det eg har sett og opplevd i bileta.

Partituret er notert utan taktart av noko slag, men karakter, dynamikk og merknader til tempo er notert. Eg vil at musikken skal skapast der og då, noko som kanskje kan styrke opplevelsen av forholdet mellom musikk og bilete: medan Elin har improvisert fram sin abstrakte akvareller, skal Rune "improvisere" fram min musikk. Det kan kanskje gi oss eit nytt kunstverk: summen av bilete og musikk.