- ein musikalsk refleksjon over maleri av John Petter Havnerås
Tidleg i 2006 vart eg kontakta av ein engasjert Rune Alver. Han har i mange år arbeidd med å sameine bilete og musikk. I talrike konsertproduksjonar dei siste tjue åra har han framført store verk frå klaverlitteraturen og funne kunst som har blitt vist på lysbilete parallellt med framføringa og på den måten skapt ei interessant og til tider sterk virkning i møte mellom dei to kunstformane.
John Petter Havnerås bor og arbeidar på Radøy. Eg hugser godt møtet med dei monumentale bileta til Havnerås tidleg på 90-talet. Dei var abstrakte, mørke jordfarga, rustbrune) og inneheldt ein klar geometri. Da eg i 2007 skulle sjå eit av bileta hans frå 2003, vart eg meget overraska. Der hang eit fargesprakande bilete fylt av liv (sommerfuglar og blomar) og djup symbolikk. Det hadde han kalla Nattsvermer.
Musikken min fortel m.a. om mine forventningar til kva eg trudde eg skulle sjå og kva eg faktisk fekk sjå.